Hjem > Blogg > Møbelmuseet > Møbelvandringar > Møbelvandringar

Møbelvandringar

Sykkylven er verdskjend for dei mange møbelfabrikkane sine. Blant dei yrkesaktive i kommunen arbeider dei fleste i møbelindustrien.

Gjennom eit samarbeid mellom møbelmuseet, Norsk Møbelfaglig Senter, og nokre lokale møbelbedrifter viser vi korleis moderne møbelproduksjon er lagt opp. Vandringane er lagt slik opp at deltakarane får sjå korleis møblane vert til frå dei kjem inn som ulike råvarer og halvfabrikata i den eine enden til dei vert pakka som ferdige produkt i den andre.