Hjem > Blogg > Møbelmuseet > Kjellarbedrifter > Kjellarbedrifter

Kjellarbedrifter

Medan nabokommunen Stranda utvikla nokre få, men  store fabrikkar, voks møbelindustrien i Sykkylven frå trettitalet av fram som eit mangfald av kjellarbedrifter. Bortimot hundre kjellarbedrifter var i sving over heile kommunen.

Det er ikkje mange spora etter kjellarbedriftene der møbelpionerane kom i gang med industriproduksjon. Men mange av husa eksisterer enno. Tek ein seg ei møbelvandring med kjentfolk gjennom bygdelaga, vil ein kunne sjå husa der møbeleventyret i møbelbygda starta.

Kjellarproduksjonen varte til nokre år inn på femtitalet. Då måtte det større fabrikkbygningar til. Nokre få av fabrikkane utvikla seg vidare. Dei andre vart kjærkomne leverandørar av dyktige møbelarbeidarar som bemanna dei nye maskinane og samlebanda  i dei nye store fabrikkane.