Hjem > Blogg > Møbelmuseet > Skular og barnehagar > “Frå korgfletting til storindustri”

“Frå korgfletting til storindustri”

Vi pakkar bilen full og reiser ut til skulane i distriktet. Våren 2008 besøkte vi alle skulane i Sykkylven kommune. Vi står klar til ny besøksrunde, til nye klasser og nye skular. Vi fortel om Sunnmøre si 100-årige møbelindustrihistorie, ein stor og viktig del av vår lokalhistorie. I bagasjen er bildeforteljing, eit utval gjenstandar, designstolar og umonterte pinnestolar. Opplegget er tilpassa kompetansemål i Kunnskapsløftet for 7. årssteg.

Peter Iverson Langlo starta det heile i 1908
Elevane får eit historisk tilbakesyn med illustrerande bilder, produksjonsverkty og gjenstander.