Hjem > Blogg > Uncategorized > Fotoutstilling om Ingmar Relling

Fotoutstilling om Ingmar Relling

Kom å sjå fotografen Ingeborg Refsnes si  heilt personleg hylling av designaren Ingmar Relling  i høve 50-års-jubileet for Siesta-stolen.

Siesta var revolusjonerande då han kom og bana veg for norsk møbeleksport. Derfor står stolen, som vart lansert i 1965 og som framleis er i produksjon,  på heidersplassen  i glasmonteret utanfor Møbelmuseet i Sykkylven dette året. Vi markerer også jubileet og designaren med ei fotorekke på vel femti bilde. Fotokunstnaren har teke bilde av ein stor del av møblane som Ingmar Relling skapte gjennom eit langt arbeidsliv. Ho har fotografert  dei i uvante omgjevnader, eit godt stykke unna tradisjonen med  stramme studio-foto, slik møblar gjerne blir presenterte.

Bilderekkja vil  rulle og gå på ein storskjerm  i vindauget til Møbelmuseet i Sykkylven til over nyttår.

Kanskje du også liker…