Dokumentasjon

Norsk Møbelfaglig Senter blir ein av attraksjonane i turistsatsinga Furniture Guiding som skal lokke fleire turistar til Sykkylven

Sykkylven er møbelbygda framfor noka i Noreg og det bør kunne bli ein turistattraksjon, meiner no satsar friskt for å bruke eit aktivt arbeidsliv til å føre turistar til kommunen. Tysdag henta dei eit femtital mediefolk og representantar for turistnæringa med båt frå Ålesund til Sykkylven.

Fabrikkvandring.  Først fekk dei vere med på ei guida vandring gjennom den topp moderne produksjonslokala til Stressless-produsenten Ekornes.  Deretter var det lunsj hos sapDesign i den gamle sveitsarvillaen på Klokkarhaugen før turen gjenn gjennom sentrum til utstillinga ved Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata. Der vart deltakarane viste rundt i designutstillinga Norway Says 10, som blir vist denne sommaren.

Møbelturisme er eit konsept som Sykkylven Næringsutvikling har vore med å utvikle og dagleg leiar Harald Espeland var godt nøgd med oppslutninga. Guidane var også entusiastiske. Vi har i alle å fortalt turistane om fjellgardane langs Storfjorden, men har ofte fått spørsmål om kva innbyggjarane lever av no. Så langt har vi ikkje hatt noko å vise dei, sa ein av dei som var med på turen.