HJEM     AKTIVER LESARWEB    SKRIFTSTØRRELSE       A  A  A    

Sunnmøre Museum Norsk Møbelfaglig Senter Landbruksmuseet for M og R Silvert Aarflot - museet
Aalesunds Museum Sykkylven Naturhistoriske Museum Herøy Kystmuseum Volda Bygdetun
Godøy Kystmuseum Ytste Skotet Brudavolltunet-Ørsta Bygdetun Dalsfjord Fyrmuseum

MENY

BESØK OSS

Aktiv veneforeining

Leiar i veneforeininga, Grethe Østerhus Røyr, i samtale med møbeldirektør Helge Brunstad under ein kulturkveld om åttiåra. (foto: NMFS)
Leiar i veneforeininga, Grethe Østerhus Røyr, i samtale med møbeldirektør Helge Brunstad under ein kulturkveld om åttiåra. (foto: NMFS)

I 2005 vart det teke  initiativ til å opprette en veneforeining for Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) i Sykkylven. NMFS er møbelbransjens dokumentasjonssenter og museum og ligg i Sykkylven. Veneforeininga ønskjer å skape aktivitetar i tilknytning til senteret, aktivitetar som kan setje fokus på noko av det som har særprega den norske møbelindustrien. Foreininga er ein ressurs som kan supplere den faste bemanninga ved senteret.
 
Ønskjer du å bli medlem av veneforeininga kan du ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter: nmfs@mobelfagligsenter.no

Vi gjer kulturarven synleg!

Opningstider

måndag - fredag kl 12 - 16.(I JULI TYSDAG-FREDAG)

Monday- Friday 12 -16(July: Tuesday- friday)

Siste nytt

Ny utstilling til hausten
Arbeidet med å utvide og byggje opp den nye faste utstillinga er godt i gang. Til hausten kan vi invitere til ei endå betre museumsoppleving.  Men arbeidet med den nye utstillinga tyder ikkje at museet er stengt. Museet er ope alle kvardagar frå 12 til 16 heile sommaren bortsett frå veke 27 og nokre ekstra dagar utover sommaren når arbeidet med å montere den nye utstillinga gjer det umogleg å ta imot museumsgjester. Sjekk gjerne heimesida før besøket eller ta kontakt på telefon 70 25 30 03/ 902 01 231. …
02.05.13 15:34
Gründer-minne samla møbelvener
Dei var engasjerte og kreative, sparsame med pengar og hadde klokkartru på  eigne planar. Dette er nokre av kjenneteikna på ein ekte gründer, kom det fram på kulturkvelden tileigna industripionerane på Sunnmøre.   Eit førtital interesserte møtte opp på kulturhuset i Sykkylven søndag 14. april kveld for å få vite meir om dei første pionerane i møbelindustrien. Eldar Høidal og Kjetil Tandstad  frå Norsk Møbelfaglig Senter opna programmet med å liste opp ein del av kjenneteikna som pionerar som til dømes Jens E Ekornes, Karl Emdal og Otto Hjellegjerde hadde til felles. Ragnar Sandnes - med eit halvt hundre år bak seg i møbelindustrien og leiar i Rajo Møbler gjennom 30 år -  fortalde frå sitt liv og om korleis det var å starte si eiga bedrift. Han kom frå heimstaden Eidså til Sykkylven som 15-åring og fekk seg møbeljobb. Som så mange andre greip han etter kvart sjansen og starta si eiga bedrift. Jarle Tusvik skildra den talrike og fargerike gjengen som sette i gang med eigen fabrikk på Sørestranda.Unge Sonja Hjelle Røv underheldt med song til eige gitarakkompagnement.  Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arbeider for av møbelmuseet i Sykkylven og har medlemmer frå heile landet. Betal inn 100 kroner på konto 3910.31.62290.  Hugs å gi opp namn og adresse,  …
15.04.13 13:55
Kulturkveld om gründeren
Søndag lagar møbelvener i Sykkylven kulturkveld til sunnmørsgründerens pris.   Sparsame og risikovillige. Initiativrike, optimistiske og eigenrådige.  Mange karakteristikkar er gitt av den klassiske sunnmørske gründertypen som skapte gull av gråstein og blomstrande industri i bondebygdene. Det var ei samling sterke personlegdommar, men kven var dei eigentleg? Det vil Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter prøve å finne ut av på ein kulturkveld i Sykkylven søndag kveld. Arrangementet, som går av stabelen i kulturhuset søndag 14. april, vil ta føre seg kjende profilar frå møbelindustrien og kaste lys over dei gjennom alvor og skjemt.  Ragnar Sandnes og Jostein Gjerde har begge skapt sine eigne bedrifter  i Sykkylven og vil fortelje om eigne erfaringar. Møbelhistorikarane Eldar Høidal og Kjetil Tandstad  vil supplerte med  synspunkt og historier om andre møbelpionerar som bygde opp eigne bedrifter langt frå råvarene og langt frå marknadene. Kulturkvelden er ein i ein serie arrangement i regi av Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter der ein prøver å kaste lys over utviklingstrekk frå møbelhistoria. Som vanleg blir det servering og utlodding og tradisjonen tru blir det også musikalske innslag – denne gongen med den unge songarinna Sonja Hjelle Røv, som alt er godt kjend for mange for sine gode songprestasjonar.  …
09.04.13 14:25
   Ny møbelquiz på FØNIX  
Har du fartstid i møbelindustrien? Eller er du berre interessert i seiemåtar, ord og uttrykk frå ein industri i endring.   Tysdag 9. april klokka 18 blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix  i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting  til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider. Tysdag kveld blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix  i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting  til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider.  Ein populært programpost har vore møbel-quiz der dei frammøtte får testa sine kunnskapar om ord og uttrykk frå møbelhistoria og faguttrykk frå møbelbransjen. I tillegg til konkurransen, er det også utsikt til muntre minne og historier. Det blir også servering, fortel leiar for Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter, Grethe Østerhus Røyr.    …
22.03.13 16:12

Slik finn du oss!

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bestill Møbelkartet pr.

e-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03

KONTAKT OSS

Pb. 288
6239 Sykkylven
Tlf: 70 25 30 03/ 90 20 12 31
nmfs@mobelfagligsenter.no

 

HURTIGMENY


MUSEUM                                                                                                                     FOLG OSS

Sunnmøre Museum >
Aalesunds Museum >
Godøy Kystmuseum >
Norsk Møbelfaglig Senter >
Sykkylven Naturhistoriske Museum >
Ytste Skotet >

Landbruksmuseet for M og R >
Hærøy Gard >
Brudavoll tunet >
Sivert Aarflot - museet >
Volds bygdetun >
Dalsfjord Fyrmuseum >






 
                                   
 
Design: Osberget CMS www.osberget.no