Skinande blanke flater
- kulturminnet veke 43
Remediar som var vanlege i ein polerarverkstad.(Frå samlingane til Norsk Møbelfaglig Senter. Foto: NMFS) |
Det glatte og blanke var litt av eit statussymbol i ei tid då det meste ein omgav seg med bar preg av å vere heimegjort og sjølvlaga.
Møbelprodusentane overgjekk kvarandre i å satse på fagmessig politur på armleiner, bordplater og skåp. Dagens fabrikkframstilte og robotlakka møbeltreverk er blankt og fint, men kan på ingen måte måle seg med overflatene på mykje av møblane som vart levert like før, under og etter andre verdskrigen.
På bildet ser vi blant anna grunning Garver’n Lærfarve, ei flaske heimeblanda ekstra lys mahogny-beis, Becko teak-beis og møbelbeisen Sirius frå Arnt C.Tharaldsen i Oslo.”Like god til beising av ski. Norsk Opfindelse. Norsk fabrikat”.
Glitrande, blanke overflater var eit synleg bevis på godt handverk og ein god polerar stod alltid høgt i kurs i møbelfabrikkane. Så var det heller ingen liten kunst: Den første tida polerte ein utan å slipe men brukte lakkfordelar og anna væske som ein drog utover med ein sudd for å få glans i overflata. Deretter brukte ein ei spesiell glansvæske for å gjere overflata blank.
Etter kvart byrja ein å rubbe eller polere overflatene mekanisk med finare og finare sandpapir. Tidlegare polerar Ola Tandstad har i eit intervju i arkivet til Norsk Møbelfaglig Senter fortalt at den vanlege prosedyren var denne: Først beising og pussing, så sprøytelakkerte ein med tre lag celloloselakk. Vi sikla vi for å fjerne overflødig lakk før vi polerte overflata med stadig tynnare sandpapir og til slutt med pasta for å få det glattast mogleg. Til slutt smurde vi på ein klaringskrem. Når han var tørr, tørka vi restane av. Då var det blankt som ein spegel.
Men det også andre omstendelege prosessar, blant anna når ein brukte skjellakk. Dette var ein lakktype, framstilt at ein type harpiks som blir utvunne av plantar som har blitt stukne av lakkskjoldlusa Coccus lacca: Først vassbeising og sliping, så beising i rett farge og ny sliping. Så eit strøk med politur eller skjellakk og ny sliping. Så følgde eit strok med botnlakk, ein omgang med sikling og deretter tre strok med klarlakk.
Det var eit seint og anstrengande arbeid, ikkje minst den gongen all pussing skjedde for hand. Sprøyteutstyr og de i første poleringsmaskinane, som kom seint på trettitalet, gjorde arbeidet enklare. Arbeidsmiljøet for dei som dreiv med lakkering og polering var ikkje det beste. Det var mykje støv og gass og arbeidet vart ofte gjort i tronge lukka rom for å redusere støvproblemet. Ikkje underleg at overflatebehandling var dei første arbeidsoppgåvene som vart overlate til industrirobotane då denne teknologien voks fram frå syttitalet.