HJEM     AKTIVER LESARWEB    SKRIFTSTØRRELSE       A  A  A

Sunnmøre Museum Norsk Møbelfaglig Senter Landbruksmuseet for M og R Silvert Aarflot - museet
Aalesunds Museum Sykkylven Naturhistoriske Museum Herøy Kystmuseum Volda Bygdetun
Godøy Kystmuseum Ytste Skotet Brudavolltunet-Ørsta Bygdetun Dalsfjord Fyrmuseum

MENY

BESØK OSS

Stol nummer 44

- kulturminnet veke 49

Stol nr. 44. Vestlandske Stol og Møbelfabrikk 1959/60. (Foto: P.P.Lyshol)

Stol nr. 44. Vestlandske Stol og Møbelfabrikk 1959/60. (Foto: P.P.Lyshol)

Dei store suksessane har ein tendens til å overstråle andre gode men ikkje fullt så kjende verk. Det gjeld også for designaren Ingmar Relling.

Namnet hans er uløyseleg knytt til storsuksessen Siesta, som vart produsert for Vestlandske. Andre verk som blir nemnde, er stolane Nordic frå 1954 og Flex frå 1972, som begge kunne faldast saman for å spare plass under lagring. Og det er storseljaren Combina-serien, ein kombinert sofa og soveplass i modular, som vart utvikla for Ekornes. Til hovudverka høyrer også nyskapande kvilestolar som Optima frå 1988 og møteromsstolen Nobel frå same året.Desse designikona har Ingmar Relling  fått brei og fortent omtale for i fagtidsskrift og bøker. Men Ingmar Relling teikna så mykje meir.

Gleda i dei nære ting

I Kulturminneåret 2009 er det dagleglivet sine kulturminne som skal stå i sentrum. Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dokumenterer møbelhistorie både lokalt og nasjonalt, og arbeider slik nettopp med kulturminne frå dagleglivet. Ved senteret har vi ei samling av både møblar, verkty, maskiner, bilete og historier som vi vil presentere smakebitar av gjennom kulturminneåret.

Serien vert veka før trykt i Sykkylvsbladet i fast fredagsspalte. Tidlegare artiklar finnast under menypunktet "Nettutstillingar".

Kor retro er du?

- kulturminnet veke 48

Kor retro er du? Test deg sjølv med denne stilige modellen frå Brunstad anno 1958. (Foto: P.P. Lyshol).

Kor retro er du? Test deg sjølv med denne stilige modellen frå Brunstad anno 1958. (Foto: P.P. Lyshol).

Enno er det berre de færraste vågar å byte ut den tradisjonelle vinkelsofaen  med femti år gammal eleganse.

Femti- og sekstitalet er på moten igjen. Gamle  møbelmodellar blir omsett som varmt kveitebrød blant studentar og andre trendmedvitne i dei store byane. Former, mønster og møbelformer frå tiåra etter krigen er i ferd med å få høg status blant enkelte av dei som formar møbelmoten.

Treskurd som industri

- kulturminnet veke 47

Ein lampett, formgitt og skoren av Daniel Hagerup, har mykje av stemninga vi hugsar frå utsmykkinga i gamle Sykkylven kyrkje. (Foto: NMFS)

Ein lampett, formgitt og skoren av Daniel Hagerup, har mykje av stemninga vi hugsar frå utsmykkinga i gamle Sykkylven kyrkje. (Foto: NMFS)

Ein kunstnar med kniv leia ei heil avdeling treskjerarar ved Tynes Møbelfabrikk. Denne lampetten er eitt eksempel på former og motiv i arbeida til møbelkunstnaren Daniel Hagerup.

Framfor  minnekvelden over fabrikkeigar Bernhard Tynes og biletskjeraren Daniel Hagerup på Tynesfabrikken søndag 22.november, er det naturleg å dra fram ein aktuell gjenstand. Lampetten, som finst i heimen til Grethe og Petter Tormod Røyr, er ikkje av dei mest imponerande eller arbeidskrevjande blant verka til Daniel Hagerup. Men det er eit godt eksempel på serieprodusert kunsthandverk som prega skjenkar, skåp og spisestover og senger frå Tynes Møbelfabrikk og lampar frå Inos Armaturer, ei bedrift som vart sett i gang under krigen av møbelsnikkaren Haldor Vik og den seinare arkitekten Karstein Oddmund Vik.

Lysholarkivet

- kulturminnet veke 46

Slike reklamefoto tok fotograf P.P. Lyshol for så godt som alle store og små møbelfabrikkar i Sykkylven gjennom fire tiår. (Foto: P.P.Lyshol.)

Slike reklamefoto tok fotograf P.P. Lyshol for så godt som alle store og små møbelfabrikkar i Sykkylven gjennom fire tiår. (Foto: P.P.Lyshol.)

Norsk Møbelfaglig Senter og Sunnmøre Museum fekk fingrane i ein skatt då avtalen om å overta reklame-arkivet til fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven kom i stand.

Peder P. Lyshol, eller P.P, som han gjerne vart kalla, var den leiande fotografen i møbelbygda Sykkylven frå 1936. Han hadde gått i lære med fotograf Lystad i Ørsta. Etter at han hadde etablert seg i heimkommunen, utmerka han seg blant anna med sine portrettfotografi og tok etter kvart ei rekkje prisar i konkurransar i regi av Norges Fotografforbund.

På biletet ser vi ein stol produsert av  Ole C. Brunstad Møbelfabrikk som heldt til i den gamle margarinfabrikken i Velledalen. Bedrifta hadde opp til 40 tilsette på sekstitalet.

Kjellarbedriftene

- kulturminnet veke 45

Enno finst det kjellarar med spreidde vitnemål om hektisk møbelproduksjon. Ut av tronge lokale i underetasjane spirte den sunnmørske møbelindustrien.

Tettare konsentrasjon av møbelfabrikkar enn i Aure-garden, Grebstaddalen og Vik skal ein nok leite lenge etter her i landet. På Aure var det hektisk produksjon ikkje berre i kjellaren i stovehusa i Jan-garden, Bø-garden, Pihl-garden og Knut-garden. Aktiviteten smitta. Folk kjøpte seg tomter og bygde hus oppover Grebstaddalen og her hadde Olav Andreassen, Osvald Haddal, Ole Melseth, Olav P. Eidem, Alf Svensen, Johnny Eiden og Arne Johansen sine kjellarfabrikkar.

Tandstad & Strømme AS var ei av dei mange kjellarbedriftene i Sykkylven i åra frå 1947 og framover. Dei heldt til i huset til Inge Strømme i Strømme-garden i Straumgjerde. Ein elefant i ein lenestol skulle signalisere kvalitet og slitestyrke. (Frå Industrisoge for Sykkylven.)

Stressless

- kulturminnet veke 44

Stressless Original var eit nyskapande produkt med eit heimelaga engelskklingande namn som slo an både  i Noreg og internasjonalt.

Stressless Original var eit nyskapande produkt med eit heimelaga engelskklingande namn som slo an både  i Noreg og internasjonalt.

Det kan kanskje verke urimeleg, ikkje minst i møbelbygda Sykkylven, å dra fram Stressless-stolen som eit kulturminne. Men i tillegg til å vere levebrødet til mange sykkylvingar er det både eit kulturminne som både har vore med på å profilere norsk industri og  endre sitjevanane til millionar av menneske over store delar av kloden.

Den første Stressless-stolen vart produsert i 1971. Det er ein kvilestol i stål, skum og skinn der sete og rygg kunne regulerast med kroppstyngda.  Alt i 1983 hadde det gått ein halv million stolar ut av fabrikken på Ikornnes.

Skinande blanke flater

- kulturminnet veke 43

Remediar som var vanlege i ein polerarverkstad.(Frå samlingane til Norsk Møbelfaglig Senter. Foto: NMFS)

Remediar som var vanlege i ein polerarverkstad.(Frå samlingane til Norsk Møbelfaglig Senter. Foto: NMFS)

Det glatte og blanke var litt av eit statussymbol i ei tid då det meste ein omgav seg med bar preg av å vere heimegjort  og sjølvlaga.

Møbelprodusentane overgjekk kvarandre i å satse på fagmessig politur på armleiner, bordplater og skåp. Dagens fabrikkframstilte og robotlakka møbeltreverk er blankt og fint, men kan på ingen måte  måle seg med overflatene på mykje av møblane som vart levert like før, under og etter andre verdskrigen.

På bildet ser vi blant anna grunning Garver’n Lærfarve, ei flaske heimeblanda ekstra lys mahogny-beis,  Becko teak-beis og møbelbeisen Sirius frå Arnt C.Tharaldsen i Oslo.”Like god til beising av ski. Norsk Opfindelse. Norsk fabrikat”.

Alfa, krøllhår og stampelo

- kulturminnet veke 42

Ein klassisk lenestol  bygd opp frå grunnen av. (Foto: Norsk Møbelfaglig Senter.)

Ein klassisk lenestol  bygd opp frå grunnen av. (Foto: Norsk Møbelfaglig Senter.)

Ein stol må ikkje vere for hard eller for mjuk. Og spenst må til om sitjeunderlaget skal finne att si opphavlege form. Møbelstopping er ikkje for amatørar.

Det har alltid vore ein kunst å byggje opp ein sitjeplass så han blir mest mogleg behageleg for den som skal sitje. Det har ikkje vore nokon mindre kunst å skaffe høvelege materialar til ein rimeleg pris.

Den første tida vidareførte møbelindustrien gamle og tidkrevjande handverksmetodar. Først på femtitalet kom formstøypt skumplast som gjorde det mogleg å forenkle og mekanisere produksjonen. Den klassiske sitjeplassen er bygd opp på følgjande måte: Ei kraftig treramme vart forsynt med solide vovne band – såkalla salgjord  - på undersida. På salgjorda vart det montert spiralfjører. Fjørene vart  stabiliserte med surringstau. På dette gyngande underlaget bygde ein opp stoppinga lag for lag.

Sperreplate

- kulturminnet veke 41

Foto: NMFS

Foto: NMFS

Medan enkelte tekniske framskritt fekk augnefallande resultat både innanfor design og produksjonsteknikk, var det andre som knapt blei lagt merke til.

Heiltre-materialar høyrest både solid og varig ut, men tre er levande materiale og det massive treet kunne både slå seg eller sprekke på grunn av variasjonar i temperatur og fukt. Det var særleg eit problem for dei som laga platemøblar. Skåp og senger, bord og hyller skulle både vere sterke og stabile og samtidig så smekre som mogleg. For å unngå sprekker i treverket bygde ein sperreplater og tok til å byggje platemøblar av dei.

Verdas første heilstøypte

- kulturminnet veke 39

Verdas første stol i heil skumplast er utstilt ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. (Foto: NMFS)

Verdas første stol i heil skumplast er utstilt ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven. (Foto: NMFS)

Ein høgst ordinær stol å sjå til viste seg å skjule ein produksjonsteknisk revolusjon. Verdas første stol med heil skumplast vart presentert i 1953.

Det er ikkje berre nye former og fargar som har fått møbelindustrien til å gjere store sprang framover. Nye materialar og teknikkar som forenklar produksjonen og lett kan utnyttast i masseproduksjon er kanskje ikkje nyvinningar som er like lette å oppdage. Men dei er ofte vel så viktige for utviklinga.

Då arbeidskrafta var billeg kunne ein godt drive med arbeidsintensiv fletting av korgstolar og handverksprega treskurd. Seinare kom stopping på trerammer som også kravde stor arbeidsinnsats med magnethammaren over strie, alfagras, krøllhår og vatt.

Det store nattønskjet

- kulturminnet veke 38

Eit skikkeleg møblement – som dette frå Brødrene Blindheim AS - høyrde til når det endeleg blei plass til eit eige soverom for mor og far. (Foto: P.P. Lyshol.)

Eit skikkeleg møblement – som dette frå Brødrene Blindheim AS - høyrde til når det endeleg blei plass til eit eige soverom for mor og far. (Foto: P.P. Lyshol.)

Ei solid dobbeltseng med nattbord på kvar side og strømpepuffar i fotenden var eit must i etterkrigsåra.

For det store fleirtalet av nordmenn var soverommet berre ein draum rundt 1900. I bygdene hadde kanskje sjølvefolket kanskje eit eige sovekammers, men i trongbudde byar måtte mange liggje anten på kjøkkenet eller i stova. I hovudstaden under krigen måtte tre av fire foreldre med meir enn tre born sove i stova.

Med Husbanken, som kom i 1946, kom det også byggjestandardar som også tok høgde for eige soverom for mor og far. I den moderne standardfamilien med far og mor og to born skulle også borna i familien ha eige rom med plass til køyesenger, leksepultar og hobbyar.

For nyetablerte ektepar var eit skikkeleg soverom det store nattønskjet. Det skulle vere ei solid og stødig dobbeltseng med plass både til far og mor og ein framtidig ungeflokk som kanskje vakna tidleg og kom på besøk. I tillegg til dei obligatoriske nattborda og strømpepuffane skulle det også vere eit romsleg lintøyskap  og aller helst også eit toalettbord med speil der mor kunne børste ut håret i sin nylonneglisjé.

Soveromsmøblementet skulle helst ha ein einskapleg preg og var gjerne halden i mjuke og duse fargar med stilig dekor i måling og  tredetaljar. Møblementet på biletet stammar frå møbelfabrikken Brødrene Blindheim AS i Sykkylven, som produserte møblar frå 1939 til 1981. Fabrikken hadde opptil 16 tilsette i femti- og sekstiåra. Biletet er henta frå møbelarkivet til fotograf P.P. Lyshol, eit arkiv som no blir systematisert og teke vare på som ein del av samlingane ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Tønnestavstolen

- kulturminnet veke 37

Tønnestavstolen frå  Tynes vart aldri nokon storseljar, men er eit tidleg eksempel på korleis laminert tre kunne gi  heilt nytt armslag for møbeldesign.

Alt tidleg i mellomkrigstida hadde den finske arkitekten Alvar Aalto og svensken Bruno Mattson gjort suksess med lette og elegante laminerte møblar. Men det skulle gå mange år før denne teknikken var klar for industriell produksjon. Blant dei bedriftene som tidleg såg potensialet i Sykkylven var Vestlandske Møbler, som i 1965 lanserte Ingmar Rellings millionseljar Siesta.

Kokelag

- kulturminnet veke 36

Kokelaget ved L.K. Hjelle. (Foto utlånt av Haldis Bakke)

Kokelaget ved L.K. Hjelle. (Foto utlånt av Haldis Bakke)

Utan mat og drikke dugde heller ikkje møbelarbeidarane. Varm middagsmat fekk mange i kokelaget.

Skikkeleg mat måtte skikkelege arbeidskarar ha. Det galt i jordbrukssamfunnet og det var like aktuelt for dei mange som flytta til industribygdene for å få seg arbeid. Så lenge det var kjellarbedrifter, var det vanleg at arbeidarane kjøpte seg inn rundt kjøkkenbordet saman med familien i huset. Etter kvart som det var større forhold, vart det organisert kokelag med eiga kokke som sytte for skikkeleg middag for medlemmene av laget.

På bildet ser vi: fremst frå venstre Konrad Løseth, Aksel Svindseth, Haldis Blindheim, seinare gift Bakke, Harry Svindseth og fire ukjende trønderar. Bak frå venstre: Normann Abelset, Ole Løseth, Kåre Kjersem, Anders Kvisvik, Ole Johnsen og kontormann hos L.K. Hjelle, Bjarne Fylling . Heilt bak: Gunnar Sveås og Ivar Haugen.

Ein tidleg recliner

- kulturminnet veke 35

Den solide reclineren frå K. Emdal & Co er ein prototyp frå femtitalet som aldri kom i produksjon. (Foto: Kjetil Tandstad).

Den solide reclineren frå K. Emdal & Co er ein prototyp frå femtitalet som aldri kom i produksjon. (Foto: Kjetil Tandstad).

Amerikanarane var først ute med lenestolane med regulering og innebygd fotstøtte som er så gode å sovne i framfor fjernsynet. Sykkylvsindustrien var på same sporet – lenge før fjernsynet kom til oss.

Ein svintung lenestol med bein og leiner i polert hardtre og med solide metallkonstruksjonar under setet er ein av gjenstandane som Norsk Møbelfaglig Senter har teke vare på. Stolen er ein recliner frå Sykkylven, truleg frå femtitalet, utvikla av K. Emdal & Co i Straumgjerde og ei gåve til museet frå Kristin Emdal.

Stolen hamna etter kvart hos Emdal Transport i Straumgjerde. Her har slitne mekanikarar og sjåførar hos transportselskapet slengt seg nedpå for ein kvil gjennom mange tiår. Trass i ei sentral plassering i ei travelt hovudkvarter for transportselskapet, er stolen framleis i god teknisk stand. Når ryggen blir lagt bakover, glir den skjulte fotskammelen ganske knirkefritt fram. Det solide møbelstoffet er også intakt, sjølv om fargen ber preg av alle dei oljeflekka overallane som stolen har vore i nærkontakt med.

Eldst og mest moderne

- kulturminnet veke 28

Relux 70 (Lysholarkivet)

Relux 70 (Lysholarkivet)

I 2011 er det hundre år sidan den eldste møbelfabrikken som framleis er i drift i Sykkylven kom i gang. Grunnleggjar var Knut Tusvik som sette i gang med trevareverkstad i våningshuset sitt på  Einekagen på Tusvikneset i 1911.

Den første produksjonen ved Tusvik Møbelfabrikk var vanlege bruksmøblar for folk flest i lokalmiljøet, blant anna stolar og bord, skjenkar og buffear i heiltre furu, ofte med treskurd. Knut Tusvik vart sjuk og døydde tidleg og sonen Conrad K.Tusvik tok tidleg over leiinga av bedrifta. Conrad K. Tusvik  hadde godt blikk for materialar og design, sjølv om han aldri fekk noka formell utdanning. 96-åringen er framleis åndsfrisk og bur i heimen sin like ved fabrikken, som no ber namnet Cylindra og blir driven av sonen Kjellbjørn Tusvik.

Tusvik Møbelfabrikk vart etter kvart kjend for sine høgglanspolerte  møblar og frå femtitalet av var bokskåp, salongbord, salongskrivebord og skrivebord og til kontorbruk selde over heile landet. Frå sekstitalet leverte dei også senger i den lette og elegante Relux-serien. Tusvik Møbelfabrikk var tidleg ut med å bruke finer og bygde si eiga finerpresse.  På femtitalet utvikla dei ein type sperreplate der finer vart lima på treverk som var saga spor i for å redusere spenninga i treverket. Denne spesielle  konstruksjonen gav svært stabile og sterke plater.

Møblane frå Tusvik Møbelfabrikk var prega av kvalitet og ei nyskapande fond som skaffa bedrifta kundar over heile landet. Dagens retromote har gjort dei enkle og elegante platemøblane frå Tusvik Møbelfabrikk etterspurte på bruktmarknaden.

Treskjeraren

- kulturminnet veke 27

Detalj frå skjenk produsert ved Tynes Møbelfabrikk (Foto: P.P. Lyshol.)

Detalj frå skjenk produsert ved Tynes Møbelfabrikk (Foto: P.P. Lyshol.)

I dagens møbelproduksjon, med datastyrte CNC-fresar og robotar, er ikkje treskjeraren lenger nokon naturleg del av staben i ein møbelfabrikk. Men treskjeraren har hatt ei viktig rolle i møbelindustrien. Den mest kjende av alle er Daniel Hagerup (1876 – 1955), som fabrikkeigar Br. Tynes headhunta til Sykkylven frå Angvik Møbelfabrikk i 1936.

Daniel Hagerup var fødd i Grønvika på Smøla og gjekk i lære blant dei beste i samband med restaureringsarbeidet i Stiftsgården og Nidarosdomen i Trondheim.  Men også finare møbelindustri såg nytten av å knyte til seg kunstnarar og dyktige handverkarar. Ein av dei som såg potensialet var Bernhard Tynesved Tynes Møbelfabrikk som etter at han hadde kapra Hagerup gjorde det godt med tunge spisestover og soveromsmøblement med handskorne motiv blant anna frå Synnøve Solbakken og Terje Vigen.

Daniel Hagerup får denne sommaren ei permanent utstilling i det nye Gurisenteret på Edøy på Smøla. I samband med utstillinga blir boka  Daniel Hagerup – født kunstner, redigert av Ivar Grimsmo, gitt ut. Boka gir det første samla bilde av produksjonen og livet til den framståande kunstnar som nesten var gløymd i heimekommunen. Men i Sykkylven har han vore høgt akta – både som kunstnar og møbeldesignar. På kyrkjegarden her kan vi også finne gravsteinen til Anna og Daniel Hagerup.

Jarnesbåtane

- kulturminnet veke 25

Jarnesbåten Vesla i fin fart på Sykkylvsfjorden var eit vanleg syn på på femti- og sekstitalet.

Jarnesbåten Vesla i fin fart på Sykkylvsfjorden var eit vanleg syn på på femti- og sekstitalet.

Då Raumabana opna i 1924, vart Åndalsnes eit knutepunkt for transporten av møblar frå Sunnmøre til dei folkerike områda i aust, sør og nord. Men transporten med MRF sine båtar kravde omlasting i Ålesund. Det var både tidkrevjande og tungvint. Ei interessegruppe  av møbelverksemder i Storfjordområdet bad om at MRF sette i gang ei direkteline, men fekk dårleg respons.

Petter Jarnes hadde hatt fiskebåt saman med broren Thomas og også hatt sporadiske fraktoppdrag. Familien vart oppmoda av møbelindustrien om  å setje i gang med møbelfrakt.  Det enda med at dei fem sønene  til Petter Jarnes, Peder, Thomas, Olav, Paul og Inge,  starta fraktreiarlaget Brødrene Jarnes og kjøpte skuta Trygg 6.

Fylkesmannen gav dei konsesjon for å drive frakt i heile Storfjordområdet. Frå 1945 gjekk Trygg 6 faste ruter mellom møbelbygdene på Sunnmøre og Åndalsnes. Behovet for frakt var stort og Jarnes-brørne kjøpte den 85 fot store Verge i 1947 og supplerte med den like store Vesla i 1950. Midt på sekstitalet kjøpte dei den 90 fot store Nordberg frå Haramsøya.

Mange av møbelfabrikkane hadde eigne kaier, men ikkje alle kaiene var isfrie heile vinteren. Ofte braut skutene seg råk innover så langt dei kom og så vart møblane frakta på kjelke frå fabrikken til iskanten. Ulukker og havari var reiarlaget sparte for i alle dei 33 åra dei eksisterte. Når dei ikkje segla, låg Jarnesbåtane fortøyde ved sida av kvarandre ved kaia, om lag der dagens småbåthamn og badebasseng ligg på Ikornnes. Brødrene Jarnes dreiv møbelfrakt frå 1945 til 1978, men då var det heilt slutt fordi så godt som all møbelfrakt hadde gått frå kjøl til bil, fortel Malvin Misje i ein artikkel om Jarnesbåtane i Årbok for Sykkylven frå 2005.

Cylindra

- kulturminnet veke

Kjellbjørn Tusvik med eitt av Peter Opsviks skåp i utstillinga over verkstaden i Tusvika. (Foto: Kjetil Tandstad).

Kjellbjørn Tusvik med eitt av Peter Opsviks skåp i utstillinga over verkstaden i Tusvika. (Foto: Kjetil Tandstad).

Plastemballasjen gjorde den gamle tretønna avleggs og med henne forsvann ein heil industri. Men tønneteknikken lever vidare i Peter Opsviks Cylindra-kolleksjon.

Det var kunnskapen til tønnemakaren som inspirerte møbeldesignaren Peter Opsvik til å lage skåp og andre møblar med basis i ei sylindrisk form. Med same teknikk som tønnemakarane  brukte, bygde han sine sylinderforma tønner av smale stavar i heiltre. Med utgangspunkt i denne grunnforma skapte han skåp som han gav fantasieggande namn som Fandenskap, Lidenskap eller Ekteskap.

Produksjonen starta først i ein tønnefabrikk, men etter kvart vart produksjonen overteken av Kjellbjørn Tusvik og flytta til Sykkylven og Tusvik Møbelfabrikk i 1985. Den opphavlege Cylindra-serien hadde 20 modellar. I dag er det ti gongar så mange og Kjellbjørn Tusvik får stadig nye teikningar frå designaren. Svært mange av dei særprega møbelstykka er skåp, men etter kvart har det også kome bord og stolar og ikkje minst populære nøkkelskåp, som går godt som suvenirar til turistane.

Flamingo

- kulturminnet veke 23

Foto: Sunnmøre Museum

Foto: Sunnmøre Museum

Dagens bilete viser prototypen av Flamingo nr 1, produsert i 1952 av Velledalen Fabrikker AS. Konseptet vart utvikla av Jon Hjortdal og Fridtjof Drabløs. Siste Flamingo-stolen vart produsert ca 1970.

Fridtjof Drabløs kan fortelje at stolen vart laga i fire ulike utgåver. Den første varianten hadde fire føter. Ut på 60-talet kom stolen med svingfot, seinare i større utgåve med fire føter, og så med svingfot att i siste variant. For å få den fine runde ryggen, vart kvistfri kryssfiner frå Finland stima og bøygd, og sidan kledd med skumplast. I setet var der ei rund laus pute. Dei første variantane vart trekt med velurstoff i fleire ulike fargar. Seinare vart det brukt ullstoff.

Flamingo var ein liten og lett stol og eit must for dei som ville følgje moten og kunne kanskje ha ein sjanse til ein ny vår med dagens retromote. På 60- og 70-talet var det også midt i motebiletet og det er nok mange som var born då som kan minnast den herlige kjensla av å suse rundt i ein Flamingo med svingfot når dei vaksne ikkje var til stades.

Sjukekorg

- kulturminnet veke 22

Foto: Sunnmøre Museum

Foto: Sunnmøre Museum

Dagens bilde viser ei sjukekorg som vart brukt til transport av sjuke før ambulansebilane kom. Dei sjuke vart gjerne borne frå senga si og ut i ei slik korg. Så fortsette turen gjerne med hest og vogn til fjordabåten  som tok dei vidare til sjukehus eller doktor.

Denne sjukekorga var eigd av helselaget i Sykkylven, og vart gitt av Bjarne Brekke til Møbelfaglig Senter. Det var korgflettinga som gjorde møbelindustrien på Sunnmøre mogleg. Ungguten P.I. Langlo deltok i eit kurs i korgfletting på Stranda i 1908. Dette kurset er rekna som startpunktet for den sunnmørske møbeleventyret.

Med rimelege råvarer og rimeleg arbeidskraft forsynte sunnmøringane heile landet med korgmøblar som berre kosta ein brøkdel av dei forseggjorde møblane som snikkarmeistrane i byane kunne tilby. Men korgteknikken kunne naturleg nok brukast til ei rekkje andre produkt som det også var etterspørsel etter. Det kunne vere barnekorger, berekorger, blomsterkorger og sjukekorger og etter kvart også teppebankarar, dukkevogner, barnestolar og aviskorger m.m. Ei av dei bedriftene som leverte eit variert utval av korgvarer var A. Riksheim Kurvmøbelfabrikk, som heldt det gåande frå 1916 til 1966.

Pil og peddig

- kulturminnet veke 21

Dette var planteslaga som vart mest brukt i korgvareproduksjonen på Sunnmøre. Pil fekk dei stort sett frå Danmark og peddig frå andre stader i Europa.

Første steget på veg mot ferdig møbel var å kappe opp råvarene i passande lengder. Så måtte dei leggast i blaut i vatn. Pilstokkane måtte bløytast grundig i vatn. Den tynnare peddigen trengte kortare tid for å få den rette elastisiteten.

Når pilstokken var blitt mjuk og smidig, kunne han bøyast i den forma som var ønskeleg. Til det vart det nytta former, bøyejarn eller bøyetre. Pilmaterialet var i ulike dimensjonar. Dei tjukkaste dimensjonane, pilstokkane, vart brukt som ramme på stolen. Ramma var samansett av føter og setesarg. For å få den rette avstanden mellom føtene, hadde dei ei ramme som føtene vart plassert i. Så vart dei kryssa, eller stiva av. På dette understellet vart det sett ei sete- og ryggform som stolen så vart bygd rundt.

KONGLE

- kulturminnet veke 20

Stolen på dagens bilde er laga i 1943 av Fet Møbelfabrikk. Mot slutten av krigen var det svært lite tøystoff å få tak i til trekking av møbler. Papirstoff var den erstatninga dei måtte ty til.

Trespon i stopping og papp-plate under. Alt på denne stolen er laga av tremasse, også stria under papp-plata.

Det grove papirstoffet sleit mykje på kleda. Elles var reinhaldet av stolane problematisk, fordi papir og vatn er ein dårleg kombinasjon.

Sykkylven hadde også sin eigen striefabrikk. Olav P. Eidem Striefabrikk (1941-1950) laga strie av papirtråd som var voven på ein spesiell vevstol frå Tyskland. Han hadde hjelp av brørne Lars og Nils Eidem. I 1946 kom naturstrie på nytt i handelen og fabrikken gjekk over til å lage møblar.

SVANETTE

- kulturminnet veke 19

Foto: Sunnmøre Museum, fotoarkiv.

Foto: Sunnmøre Museum, fotoarkiv.

Svanette-modellen var den første varianten i Combina-serien til Ekornes. Det var leiar for snikkaravdelinga ved bedrifta, Haldor Vik, som laga det første utkastet til denne Combina-modellen i 1955. Ingmar Relling gav modellen den endelege utforminga.

Haldor Vik tok til i Ekornes i 1948. Bedrifta hadde nettopp begynt med trevareproduksjon. Tidlegare hadde dei spesialisert seg på madrassar. Ein dag kom Martin Ekornes til Vik og sa at dei ville ha ei barneseng. Då utvikla Haldor Vik ein prototyp på ei seng som både var barneseng, vaksenseng og sofa med bord. For femtiåra sine tronge byleilegheiter var dette møbelet midt i blinken.

Combina var basert på modulprinsippet og gav svært fleksible møbleringsløysingar. Combina vart norsk møbelindustri sin storseljar før Siesta og Stressless, og opna for norsk møbeleksport m.a. til Tyskland.

OPPSPRETTA LENESTOL

- kulturminnet veke 18

Tidleg i 1930-åra vart overstoppa lenestolar frå Stranda og Sykkylven spretta opp på denne måten og vist i eit utstillingsvindauge i Oslo. Grunnen til det var at møbelhandverkarar i Oslo ville viser kor simpelt arbeid dei gjorde, dei nye møbelfabrikantane på Sunnmøre.

Oppsprettingsaksjonen fungerte ikkje etter intensjonen, men gav i staden god PR for dei nye produsentane. Denne stolen var laga seint i 1950-åra. Grunnkonstruksjonen er den same som i tiåra før: Først salgjord av hampestrie, så surra spiralfjører, dernest lag med strie, alfa, krøllhår og stampelo. Stoffet er spikra fast til ramma med svart småspikar, såkalla tacks.

For å få den bua forma på leinene skøytte dei saman to stykke som vart noko bøygd i endane. Disse vart skøytte saman med sentrumstappar og lim. Etter ei tids bruk av stolen måtte endane limast på nytt. Det var eit stort teknologisk sprang då lamineringsteknologien vart teken i bruk på sekstitalet.

Fet Snikkarverkstad

- kulturminnet veke 17

Det er endå aktivitet i fabrikklokala til Magnar Fet, no Fet Snikkarverkstad. Det heile starta i dei gylne 50-åra (1952) i kjellaren i Martinesgarden på Fet. På biletet ser vi Øyvind Fet, som er dagens eigar og drivar av verkstaden.

I 1960 stod nye lokale ferdig til innflytting, frittliggande på dei store markane aust for klyngetunet. På det meste var dei 5-6 mann i arbeid her. Denne verkstaden er ein av dei få attverande små trevarefabrikkane. Slike underleverandørar har framleis sin plass i moderne møbelindustri.

Maskinene frå 50-talet, som også var med på flyttelasset frå kjellaren til nyefabrikken, vert enno brukt i dagleg produksjon. Kløyvsaga, fresen og høvelen går like godt i dag som for over 50 år sidan. Den nyaste maskina er frå 70-talet fortel Øyvind Fet, dagens eigar. Han tok over etter faren i 1995, og driv fabrikken vidare med produksjon av innerrammer til møblar for lokale bedrifter. Produksjon av stendig nye modellar gjer arbeidet variert. I periodar med mykje arbeid, trør Magnar framleis til i produksjonen.

Magnethammar

- kulturminnet veke 16

Magnethammaren var reiskap som møbeltapetseraren ikkje kunne greie seg utan. I tillegg måtte dei ha "tacks" - den svartblå småspikaren med store hovud som dei brukte til å feste trekket til rammeverket.

Når ein skulle stramme stoffet med ei hand og handtere hammar og spikar med den andre, oppdaga ein at ein hadde ei hand for lite. Løysinga var å samle småspikaren mellom leppene med spikarhovudet ut. Med magnethammaren kunne ein hente dei ein for ein utan å bruke fingrane. Mange møbelarbeidarar utvikla i tillegg ein fantastisk evne til å sortere spikar i munnen. Dei snudde spikar slik at alle kom ut mellom leppene rett veg og bles spon og andre framandelement ut gjennom munnviken.

Pute-pressemaskin

- kulturminnet veke 15

Maskina på dagens bilde var utvikla og produsert av Alfred Nyborg Maskinfabrikk på Aure truleg seint på 1940-talet.

Ved hjelp av fleire tvinger kunne maskina presse saman fjørinnlegg til puter slik at det vart mogleg å dra trekket over putene. Etterkvart vart det utvikla tilsvarande maskiner med motor.

Denne typen maskin vart brukt i ein relativt kort periode i møbelproduksjonen. Snart kom  skumgummimattene - og seinare skumplastputene - gjorde stoppingsarbeidet enklare.

Nosag-fjør

- kulturminnet veke 14

Nosag-fjører (bølgefjør) erstatta spiralfjører då skumplasten  og skumgummien  kom på 1950-talet. Fjørene vart strekt over seteramma, og så vart skumplastputa lagt opp på denne.

Å strekkje fjører var hardt arbeid. Det vart utvikla ymse handverkty som skulle lette arbeidet med å spenne den stive fjøra over seteramma.

Ikkje alle brukte tid på å spekulere ut slike hjelpemiddel. Ein av desse var Harry Svindseth frå Ramstaddalen. Han drog Nosag-fjøra over seteramma ved hjelp av ein enkel krok og rå muskelkraft - og han hadde underarmsmusklar som var prega av arbeidet.

Alfa-rivemaskin

- kulturminnet veke 13

Som namnet fortel, reiv alfa-rivemaskina opp samanpressa alfa - og krøllhår. Maskina på dagens bilde vart brukt av Karl Ramstads Lenestolfabrikk, på Aure, frå ca 1945 til ca 1957. På grunn av støvplaga vart maskina brukt i friluft, utanfor låvebygget på Ramstadbruket. Ho vart driven med reimoverføring frå ein seks hk motor, som også vart brukt til vinsj for å få høy inn på låven.

Alfa er sjøgras, som hovudsakleg vart importert frå Nord-Afrika. Den kom i kompakte ballar, og stoffet måtte rivast opp før det kunna brukast som stoppmateriale i møblar. Mange møbelveteranar kan fortelje at dumba dreiv og at dei knapt såg ei hand for seg når rivemaskina var i aksjon.

Krøllhår er dyrehår, som hestetagl, grisebust og kamelhår. Materialet vart spunne i store fletter, for at det skulle få rette spensten. Desse vart rive opp av maskiner, og brukt i lag med alfagraset i stopping av møblar.

Blinken

- kulturminnet veke 12

Slageren Blinken vart produsert av Hjellegjerde Møbler A/S. Stolen var designa av Adolf Relling og lansert i 1956. Dette var ein lett supplementsstol som kunne flyttast dit det var behov.

Blinken var rimeleg i kjøp, men kan likevel vere eit symbol på at ei ny tid var i emning. Bort frå sparsame etterkrigsår, til ei tid med større fleksibilitet og variasjon i møbleringa. Stolen passa i gangen ved sida av telefonen, som ein ekstrastol når det kom gjestar osv.

Blinken var eit avansert designprodukt med formpressa finer og laminat. Formpressa tre vart i første omgang brukt i skjulte delar av møblane, i første rekke i ryggbrettet på dei små lenestolane.

Korgstolen

- kulturminnet veke 11

Korgstolen på dagens bilde var ein del av eit møblement som stod i "Damesalongen" ved Fivestadhaugen Skysstasjon i Norangsdalen.

Det var Peder Iverson Langlo på Stranda som i 1908 starta møbeleventyret. Mange gjekk i lære ved P.I. Langlo og tok med kunnskapen over fjellet og heim til Sykkylven. Berre i 1929 vart det starta tre korgmøbelfabrikkar i Sykkylven - Sykkylven Kurvvarefabrikk, Møre Kurvvarefabrikk og Kurvmøbelfabrikken Solid. Dette vart gjennombrotet for moderne industriproduksjon i Sykkylven, med serieproduksjon og akkordarbeid.

Stolen på dagens bilde kan ha vore laga ved P.I. Langlo på Stranda i 1920-åra. Det er brukt pil og peddig i stolgrinda. Setet er overstoppa spiralfjører på salgjord, og trekt med imitert skinn. Ryggen er også stoppa og trekt. Eit skikkeleg stasmøbel ein damesalong verdig.

Vi gjer kulturarven synleg!

Opningstider

måndag - fredag kl 12 - 16.(I JULI TYSDAG-FREDAG)

Monday- Friday 12 -16(July: Tuesday- friday)

Siste nytt

OPNINGSTIDER i Sommar (opening hours this summer) Stengt måndag 27. og tysdag 28. MAI (Closed  Monday 27. and Tuesday 28. of May) Elles Ope kvar yrkedag i juni og August kl. 12 - 16. (OPen workdays in june and august 12 - 16) I juli: Stengt veke 27 (ARBEID MED ny utstilling) VEKENE 28, 29 og 30: OPE Tysdag til og med fredag KL. 12 - 16.  (JULY: Closed week 27. Week 28,.29 and 30: Open Tuesdays - Fridays 12 -16)
L …
02.05.13 15:34
Gründer-minne samla møbelvener
Dei var engasjerte og kreative, sparsame med pengar og hadde klokkartru på  eigne planar. Dette er nokre av kjenneteikna på ein ekte gründer, kom det fram på kulturkvelden tileigna industripionerane på Sunnmøre.   Eit førtital interesserte møtte opp på kulturhuset i Sykkylven søndag 14. april kveld for å få vite meir om dei første pionerane i møbelindustrien. Eldar Høidal og Kjetil Tandstad  frå Norsk Møbelfaglig Senter opna programmet med å liste opp ein del av kjenneteikna som pionerar som til dømes Jens E Ekornes, Karl Emdal og Otto Hjellegjerde hadde til felles. Ragnar Sandnes - med eit halvt hundre år bak seg i møbelindustrien og leiar i Rajo Møbler gjennom 30 år -  fortalde frå sitt liv og om korleis det var å starte si eiga bedrift. Han kom frå heimstaden Eidså til Sykkylven som 15-åring og fekk seg møbeljobb. Som så mange andre greip han etter kvart sjansen og starta si eiga bedrift. Jarle Tusvik skildra den talrike og fargerike gjengen som sette i gang med eigen fabrikk på Sørestranda.Unge Sonja Hjelle Røv underheldt med song til eige gitarakkompagnement.  Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arbeider for av møbelmuseet i Sykkylven og har medlemmer frå heile landet. Betal inn 100 kroner på konto 3910.31.62290.  Hugs å gi opp namn og adresse,  …
15.04.13 13:55
Kulturkveld om gründeren
Søndag lagar møbelvener i Sykkylven kulturkveld til sunnmørsgründerens pris.   Sparsame og risikovillige. Initiativrike, optimistiske og eigenrådige.  Mange karakteristikkar er gitt av den klassiske sunnmørske gründertypen som skapte gull av gråstein og blomstrande industri i bondebygdene. Det var ei samling sterke personlegdommar, men kven var dei eigentleg? Det vil Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter prøve å finne ut av på ein kulturkveld i Sykkylven søndag kveld. Arrangementet, som går av stabelen i kulturhuset søndag 14. april, vil ta føre seg kjende profilar frå møbelindustrien og kaste lys over dei gjennom alvor og skjemt.  Ragnar Sandnes og Jostein Gjerde har begge skapt sine eigne bedrifter  i Sykkylven og vil fortelje om eigne erfaringar. Møbelhistorikarane Eldar Høidal og Kjetil Tandstad  vil supplerte med  synspunkt og historier om andre møbelpionerar som bygde opp eigne bedrifter langt frå råvarene og langt frå marknadene. Kulturkvelden er ein i ein serie arrangement i regi av Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter der ein prøver å kaste lys over utviklingstrekk frå møbelhistoria. Som vanleg blir det servering og utlodding og tradisjonen tru blir det også musikalske innslag – denne gongen med den unge songarinna Sonja Hjelle Røv, som alt er godt kjend for mange for sine gode songprestasjonar.  …
09.04.13 14:25
Ny møbelquiz på FØNIX
Har du fartstid i møbelindustrien? Eller er du berre interessert i seiemåtar, ord og uttrykk frå ein industri i endring.   Tysdag 9. april klokka 18 blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix  i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting  til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider. Tysdag kveld blir det møbelkafe på Fønix med quiz om ord og uttrykk frå møbelindustrien. Møbelkafeane på møteplassen Fønix  i Sykkylven er ein stad der folk med tilknyting  til møbelbransjen kan vere saman sosialt og treffe møbelveteranar med kunnskap om møbelindustrien i tidlegare tider.  Ein populært programpost har vore møbel-quiz der dei frammøtte får testa sine kunnskapar om ord og uttrykk frå møbelhistoria og faguttrykk frå møbelbransjen. I tillegg til konkurransen, er det også utsikt til muntre minne og historier. Det blir også servering, fortel leiar for Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter, Grethe Østerhus Røyr.    …
22.03.13 16:12

Slik finn du oss!

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bestill Møbelkartet pr.

e-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03

KONTAKT OSS

Pb. 288
6239 Sykkylven
Tlf: 70 25 30 03/ 90 20 12 31
nmfs@mobelfagligsenter.no

HURTIGMENY

MUSEUM                                                                                                                     FOLG OSS

Sunnmøre Museum >
Aalesunds Museum >
Godøy Kystmuseum >
Norsk Møbelfaglig Senter >
Sykkylven Naturhistoriske Museum >
Ytste Skotet >

Landbruksmuseet for M og R >
Hærøy Gard >
Brudavoll tunet >
Sivert Aarflot - museet >
Volds bygdetun >
Dalsfjord Fyrmuseum >

Design: Osberget CMS www.osberget.no