Dei gamle var eldst i møbelquiz
Vinnarveteranar på møbelquiz: Frå venstre Kordes Hagen, Tomas Tandstad og Johan Svindseth.(Foto: Kjetil Tandstad) |
Ekspertisen var på plass då Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte møbelquiz i Sykkylven torsdag. Men det er fritt fram for å prøve seg på ein møbel-quiz her.
Eit trettital godt vaksne interesserte var på plass på quizen om ord frå møbelindustrien som vart arrangert på aktivitetshuset Fønix i Sykkylven torsdag 9. februar.
Veneforeininga serverte kaffi og sveler og hadde førebudd 20 spørsmål om ord og uttrykk frå møbelindustrien som vart presentert for deltakarane.
Det var ei samling av møbelveteranane, men det var dei eldste som drog det lengste trådet. Ved vinnarbordet var det hundreåringen Tomas Tandstad som tok på seg jobben som skrivar.Den jobben skjøtta han godt utan briller.
Møbelquiz: For dei som vil prøve sine kunnskapar, følgjer spørsmåla her. Svara nedst på sida. Ein quiz med ord frå møbelindustrien og litt lokal møbelhistorie. Byggjer på ei ordsamling av Mindor Hjellegjerde og dessutan opplysningar frå Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven og frå Møbelkartet.
1. Kva gjer ein armmakar?
2. Kva er ein dobbeltspiss?
3. Kva er fasongstrie?
4. Kva er shoddy?
5. Kva meiner vi med ei stampelostrekkje?
6. Kva er alfa?
7. Kva er ein bakkar?
8. Kva meiner vi med ein vuls?
9. Kva er salgjord?
10. Kva tyder sveifing?
11. Kva er krøllhår?
12. Kva er ei sperreplate?
13. Kva er intarsia?
14.Kva er kokos?
15. Kva var Møretariffen?
16. Kva jobbar ein bunnar med?
17. Kva vil det seie at møblar vart produsert “i kvitt”?
18. Kva er tacks?
19. Kva er ein nosagstrammar?
20. Kva var hovudproduktet til Riksheim Trevarefabrikk då dei kom i gang i 1930?
Svar:
1. Stoppar og trekkjer armane på ein stol/sofa.
2. Lang nål med spiss i begge endar, til dømes 20, 30 og 40 cm lange. Blei brukt til å sy saman stoppingsmaterialet.
3. Tynn/grissen jutevev som vart trekt over stoppinga i klassiske stoppmøblar, særleg for å forme fasongen på setet.
4. Stoff, laga av opprive brukt tøy/tøyrestar, særleg av ull, men også bomull, som slik kan gjenbrukast til ulike formål. I møbelindustrien blei shoddy brukt i møbelstoppinga.
5. Spøkefull nemning på noko som naturleg nok ikkje fanst, men som det var moro å sende uerfarne møbelarbeider ut på leiting etter. Stampelo er vatt (shoddy) – heilt unødvendig å strekkje.
6. Tørka sjøgras, som gjerne kom frå Nord-Afrika og Spania i tett samanpressa balgar, som vart brukt som stoppingsmateriale. I fabrikken vart det opp på ei eiga alfarivemaskin som laga masse støv og dumbe.
7. Plate i framkant av armane på ein stoppa stol eller sofa – plata kan vere overstoppa eller i synleg tre.
8. Ein kant, sydd i pølseform.
9. Eit sterkt breitt band av jute, hamp eller til og med papir (under krigen) som opphavleg vart brukt til å halde selen/salen på plass på ein hest. I møbelindustrien vart slike band brukt som underlag for stålfjørene i oppbygginga av stoppmøblar.
10. Sage på bandsag eller frese bort overflødig tre for å forme krumme treverk. Ein skar/fresa bort det overflødige treverket frå eit stort emne. Seinare avløyst av lamineringsteknikken.
11. Dyrehår, gjerne mellomlange hestehår (tagl), som blir kokte, slått til tau og rive opp og brukt til topplag i stoppinga i møblar og madrassar. Svært spenstig materiale. I møbelindustrien kom det seinare ulike erstatningar, først frå plantevekstar og seinare syntetiske produkt, som også vart kalla krøllhår.
12. Møbelplate bygd opp av to tynne finerplater med pålimte lamellar i heiltre mellom. Denne typen plater sparte material og vekt i forhold til heiltreplater og var minst like sterke. Sperreplata er på mange måtar forløparen for dagens møbelplater, som eigentleg er ein type sponplater.
13. Prydmønster av trebitar/bitar av finer, lagt inn i treverk/finer på skapdører, bordplater og frontar
14. Fiber frå kokosnøtta som vart brukt i stopping av møblar. Brukt i store mengder i møbelindustrien.
15. Møbelarbeidarane på Møre hadde ein tariff som låg lågare enn resten av landet. Eitt av argumenta var at møbelarbeidarane i nordvest kunne fiske middagsmaten i fjorden og derfor ikkje trengde like mykje lønn som andre. Det utvikla seg tre ulike tariff-område: Austlandet, Vestlandet og Møre. Tariffen på Møre var den lågaste. Etter ein streik i møbelindustrien i 1949 vart denne lønnsmessige diskrimineringa fjerna, og det vart berre ein tariff, felles for heile landet.
16. Ein arbeidar som legg på stopping og trekkjer armleinane på ein stol eller sofa. Det var gjerne gamle skomakarar som tok desse jobbane. Det likna litt på å feste overler til sålar (bunnar) på sko, fortel Petter Kirkebø.
17. Dei var ofte trekte i kvitt lerret og sett på lager. Dermed var dei klar for å bli trekt med det møbelstoffet som kunden sjølv valde i butikken.
18. Liten svart stift til bruk i stoppingsarbeidet i møbelindustrien. Stundom også kalla svartspikar. Forskjellige størrelsar. Tapetserarane tok gjerne munnen full, ordna stiften med tunga slik at tacksen stod med hovudet ut mellom lippene og kunne hentast fram med magnethammaren. Det kunne gå hardt utover tennene.
19. Nosag-fjørene avløyste den tradisjonelle oppbygginga med fjører som kvilte på salgjord i botnen av møblane. Men det var hardt å feste dei stramt nok. Kåre Fet, som bur på Nannestad, har fortalt at då han arbeidde på Lade Møbelfabrikk i 1961/62 laga dei seg ein nosagstrammar (fjørstrammar/fjørstrekkjar) som letta arbeidet mykje.
20. Dreia pinnar som vart brukte til produksjonen av “kjærlighet på pinne”. Bortsett frå kalkmjøleksporten frå Hans Fredrik Erstad til Danmark, var truleg denne pinneproduksjonen den første eksporten av industriprodukt frå Sykkylven.

