Bygde verdas lengste sofa

Frå venstre: Kaoru Ishikawa, Record Manager frå Guinness, ordførar Jan Kåre Aurdal, lensmann Evelyn Liseth og leiar i sofakomiteen, Arve Ekornes. (Foto: Photofactory.)

Verdas lengste sofa er 890,25 meter lang. Møbelindustrien på Sunnmøre meir enn tidobla gjeldande Guinness-rekord og bygde ein sofa som rakk over heile Sykkylvsfjorden.

Record Manager Kuoro Ishakawa fra Guinness World Record Ltd hadde ingen vanskar med å godkjenne den nye sofarekorden etter rekordforsøket i Sykkylven søndag. Meir enn 300 frivillige frå eit tital møbelfabrikkar i Sykkylven hadde gått saman om forsøket på å byggje verdas lengste sofa. Då fjorårets rekord frå Sykkylven sist sommar vart slått i haust, var haldninga i møbelmiljøet i Sykkylven klar: Verdsrekorden høyrer til i Noregs møbelhovudstad.  Denne gangen skal vi setje rekord ein gong for alle.

Heimeside: www.longestsofa.no

Sjå bilete og film frå rekordforsøket og folkefesten: http://picaseweb.google.com/arilds6230

og  http://www.vimeo.com/5171402

 

Søndag 14. juni 2009 gjekk startskotet for rekordsofaen over den 860 meter lange brua over Sykkylvsfjorden. 47 minutt og 32 sekund seinare var rekordsofaen eit faktum. Sofaen ble kontrollmålt og godkjent av ein representant frå Guinness World Record Ltd, som var til stades saman med fleire tusen entusiastiske tilskodarar.

På grunn av nokre lette regnbyer under bygginga vart sofaen dekka med plast etter kvart som han vart bygd. Sunnmøringen fornektar seg ikkje og hadde selt heile rekordsofaen til Møbelringen for tre millionar kroner. Rekordarrangementet vart ikkje berre gjennomført for å skape blest om norske møblar hundre år etter den spede starten for norsk møbelindustri. Arrangementet er også en måte å styrke samhaldet og optimismen i ei eksportretta næring som merkar finanskrise og fare for utflagging, seier leier for sofakomiteen, Arve Ekornes.

 

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bedstill Møbelkartet pr.

E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03