Skandinavias mest moderne

Per Jarle Tynes viser rundt i den moderne laminatfabrikken Ekornes, avdeling Øvre Tynes.(Foto: Kjetil Tandstad)

På Øvre Tynes i Sykkylven har Ekornes bygd Skandinavias mest moderne laminatfabrikk. Torsdag kveld vandra eit interessert publikum blant presser og robotar i full drift.

Eit femtital møbelvener var på plass for å sjå korleis moderne laminatprodukt blir produsert på moderne vis i fabrikken på Øvre Tynes i Sykkylven. Per Jarle Tynes tok imot og fortalde om historia til fabrikken som kom først kom i gang ved at Petter Tynes dreiv med dreiing og produksjon av vognhjul, skyssvogner og færingar.

 I 1931 gjekk sonen Johan Tynes og John Mjøen i gang med Johan P. Trevare som spesialiserte seg på lage treverk som underleverandør til møbelfabrikkane i Sykkylven. Bedrifta investerte tidleg i ei laminatpresse med høgfrekvens og seint på syttitalet fekk bedrifta si eiga laminatsplittemaskin. I 2002 vart bedrifta  teke over av Ekornes, som også står bak bygginga av den nye fabrikken som vart sett i gang i fjor.

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bedstill Møbelkartet pr.

E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03