| | |
|
| Har du ein stol du gjerne skulle ha trekt om. Veneforeininga til Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven planlegg eit kurs i møbeltapetisering til hausten om interessa er der. Røynde fagfolk frå møbelindustrien vil instruere i stopping og sying.Interesserte kan ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter, telefon 70 25 30 03. | |
|
Kva er Norsk Møbelfaglig Senter? Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter. Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.
På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.
Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.
nmfs@mobelfagligsenter.no |
Utsalsstader:
Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.
Pris kr 50,- Bedstill Møbelkartet pr.
E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no
Telefon: 70 25 30 03 |
|