Historisk møbelsykling

Arve Ekornes tok utfordringa og sykla med ei sofagrind og fire stolgrindar på bagasjeberaren. (Foto:Leif-Magne Tandstad.)

Med hjelp av ein skranglete sykkel, med grindene til ein treseter pluss fire stolar på bagasjeberaren, fekk publikum demonstrert  møbeltransport på trettitalet under Sykkylvsdagane.

Regnet plaska ned og publikum søkte ly så godt dei kunne under takskjegg og teltdukar under uoffisielt NM i møbelputestabling og demonstrasjonen av møbeltransport per sykkel under Sykkylvsdagane 2010.

Laurdag 12. juni skulle det avgjerast kven som kunne stable den høgste stabelen av møbelputer. Vinnar blant deltakarane som prøvde å få dei skjelvande putetårna til å halde seg i ro var Dag Eivind Tveit (23) som kunne ta med seg heim ein flott kvilestol frå Brunstad i premie.

Eit høgdepunkt var demonstrasjonen av møbeltransport i trettiåra. Fire stolgrindar og ei sofagrind frå Formfin AS vart surra på bagasjeberaren på ein veteran-sykkel frå 1937.  Sykkelen var rigga etter nøye tilvising frå møbelarbeidar Tomas Tandstad (97), som sjølv frakta møbelgrindar på denne måten frå brorens trevareverkstad på Tandstad til stopping på Nymarka i Straumgjerde. Frivillig og fryktlaus syklist under demonstrasjonen var  Arve Ekornes. Han greidde å balanserte den tunge lasten imponerande mange vinglande meter på den nervepirrande  sykkelturen framfor scena.  

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bedstill Møbelkartet pr.

E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03