Ungdommens møbelstil og Bik Bok
- kulturminnet veke 50 (siste artikkel)
Ekornes tok ein sjanse og jakta på ungdommens møbelstil i samarbeid med kleskjeda Bik Bok.
Vassenga var eit ”must” for mange frå slutten av syttitalet. Den skråstilte Bik Bok-hylla braut kraftig med møblane foreldregenerasjonen ville ha. Både senga og hylla er med på dette bildet som stammar frå utstillinga Sengens Historie ved Norsk Møbelfaglig Senter i 2002.
Bik Bok-serien var mynta på ungdommane som i desse åra var i ferd med å vekse fram til å bli dei nye storkonsumentane. Fargane skulle vere ungdommeleg frekke og dus pastell. Ekornes gjekk tungt inn i ein produktserie med fikse kombinasjonar senger og sitjeplassar, hyllesystem og små runde glasbord i tidas motefargar.
Då den 84 sider store Bik Bok-katalogen vart presentert i 1983-84 vart lansert, slo Jens Petter Ekornes det fast at dette var det største som har skjedd i Noreg sidan oljen. Men trass i storsatsinga, vart ikkje Bik Bok-møblane nokon suksess. Dei mange produktvariantane førte til små seriar og det eksisterande produksjonsutstyret ved bedrifta var heller ikkje tilpassa dei nye møblane.
Vi let kulturminnet Bik Bok-eksperimentet avrunde serien frå møbelindustrien. Totalt har det blitt godt og vel tretti artiklar i Sykkylvsbladet. Dei har handla om kulturminne i form av ulike stolmodellar, arbeidsreiskapar men også om institusjonar i møbelbygda, som til dømes kokelaget, som gjorde det mogleg for hybelbuarane å skaffe seg sunn og rimeleg mat.
Når no kulturminneåret er til ende, overlet vi spalteplassen til andre. Men arbeidet med å samle inn kulturminne frå møbelindustrien held fram. Fredagsartiklane i Sykkylvsbladet gjennom Kulturminneåret 2009 ligg no føre som ein del av ei av våre nettutstillingar.
