Stol nummer 44

- kulturminnet veke 49

Stol nr. 44. Vestlandske Stol og Møbelfabrikk 1959/60. (Foto: P.P.Lyshol)

Dei store suksessane har ein tendens til å overstråle andre gode men ikkje fullt så kjende verk. Det gjeld også for designaren Ingmar Relling.

Namnet hans er uløyseleg knytt til storsuksessen Siesta, som vart produsert for Vestlandske. Andre verk som blir nemnde, er stolane Nordic frå 1954 og Flex frå 1972, som begge kunne faldast saman for å spare plass under lagring. Og det er storseljaren Combina-serien, ein kombinert sofa og soveplass i modular, som vart utvikla for Ekornes. Til hovudverka høyrer også nyskapande kvilestolar som Optima frå 1988 og møteromsstolen Nobel frå same året.Desse designikona har Ingmar Relling  fått brei og fortent omtale for i fagtidsskrift og bøker. Men Ingmar Relling teikna så mykje meir.

Gjennom fire tiår etter krigen leverte han sine teikningar til stolar og sofaer i møbelindustrien. Han var så godt som den einaste designaren som arbeidde for møbelindustrien i heile denne perioden. Han hadde ei praktisk tilnærming og i motsetning til dei fleste andre designarane i tidleg etterkrigstid, sikta han seg inn mot moderne industri og ikkje mot eksklusiv handverksproduksjon. Hans møblar vart utvikla i tett kontakt med industrien på Sunnmøre og med rasjonell produksjon for auge.

”Rellings produksjon viser oss ganske klart de designmessige følgene av møbelbransjens omlegging til en konsekvent og kapitalintensiv industrialisering:  Utviklingen av et særpreget norsk formspråk og designholdning uavhengig av de dominerende danske impulser”, skriv Fredrik Wildhagen i boka om Ingmar Relling, som kom ut i 1991.

Som eit eksempel på ein modell som har kome i skuggen av dei store bestseljarane hans, vil vi denne gongen presenterte  Nr 44. Stolen er lett og slank og vart teikna for Vestlandske Stol og Møbelfabrikk i 1959/1960.  Lenestolen  var ein del av ein serie som også omfatta ein  låg lenestol  (Nr. 34), ein stol med vange (Nr 33) og ein sofa, opplyser sonen Knut Relling.

Kva er Norsk Møbelfaglig Senter?

Norsk Møbelfaglig Senter er møbelbransjens museum og dokumentasjonssenter.

Senteret er lokalisert til Sykkylven der vi held til midt i kommunesenteret. Organisatorisk er vi ein del av Stiftinga Sunnmøre Museum. Hovudoppgåva til Norsk Møbelfaglig Senter er å vere ein kunnskapsformidlar og en ressursbank for alle som er interessert i norsk møbelproduksjon - i fortid og notid.

På senteret arrangerer vi jamnleg utstillingar der vi set fokus på sentrale trekk ved utviklinga innan norsk møbelproduksjon dei siste hundre åra. Vi har hovudmerksemda retta mot den industrielle delen av møbelbransjen, men har også interesse av, og opplysningar om, den handverksbaserte møbelproduksjonen.

Vil du vite meir om norsk møbelproduksjon er du velkomen til å ta kontakt med Norsk Møbelfaglig Senter.

nmfs@mobelfagligsenter.no

Kjøp Møbelkartet

Utsalsstader:

Sykkylven Bok og Papir og ved Norsk Møbelfaglig Senter.

Pris kr 50,-

Bedstill Møbelkartet pr.

E-post: nmfs@mobelfagligsenter.no

Telefon: 70 25 30 03