Kor retro er du?
- kulturminnet veke 48
|
Kor retro er du? Test deg sjølv med denne stilige modellen frå Brunstad anno 1958. (Foto: P.P. Lyshol). |
Enno er det berre de færraste vågar å byte ut den tradisjonelle vinkelsofaen med femti år gammal eleganse.
Femti- og sekstitalet er på moten igjen. Gamle møbelmodellar blir omsett som varmt kveitebrød blant studentar og andre trendmedvitne i dei store byane. Former, mønster og møbelformer frå tiåra etter krigen er i ferd med å få høg status blant enkelte av dei som formar møbelmoten.
Retro kallast rørsla som får unge menneske til å berge besteforeldras møblar meir eller mindre losslitne møblar frå avfallsanlegga. Men førebels er det få vanlege familiefolk som vågar å byte ut hjørnesofaen sin til dømes med denne lette og unekteleg ganske elegante sofagruppe frå Brunstad frå 1958.
Modellen fekk namnet Lotus og var truleg teikna av Jon Brunstad og Arne Welle. Gruppa var samansett av ein tre seters sofa og hadde stolar med faste puter. Både det stormønstra, tofarga trekket og dei avrunda slanke og sprikande beina i mørkt tre var midt i motebiletet den gongen.
Modellen selde godt både som sofa og stolar og endå betre som bogesofa. Dette var ein av dei aller første bogesofaene på marknaden og vart ein svært god salsmodell, minnest Magne Kleppe, som dreiv med sal hos Hj. Brunstad på denne tida. Han er ein av fleire som går gjennom store mengder reklamefoto etter fotograf P.P.Lyshol. Lyshol-arkivet inneheld rundt 5000 reklamebilete som vart tekne for møbelprodusentar, hovudsakleg frå Sykkylven, i tiåra etter krigen. Norsk Møbelfaglig Senter og Sunnmøre Museum arbeider no med å registrere og overføre desse reklamefotografia til eit digitalt format for å gjere dei tilgjengelege for ettertida.
