Framtidas klassikarar |
|
Kunstmuseet Kube i Ålesund opna laurdag 6. mars ei utstilling som viser norske designperler frå dei siste tiåra og fram til dagens prototypar. Utstillinga blir opna av designar Runa Klokk laurdag klokka 14. Meir på www.kunstmuseetkube.no | |
Gleda i dei nære ting |
|
|
I Kulturminneåret 2009 er det dagleglivet sine kulturminne som skal stå i sentrum. Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven dokumenterer møbelhistorie både lokalt og nasjonalt, og arbeider slik nettopp med kulturminne frå dagleglivet. Ved senteret har vi ei samling av både møblar, verkty, maskiner, bilete og historier som vi vil presentere smakebitar av gjennom kulturminneåret. Serien vert veka før trykt i Sykkylvsbladet i fast fredagsspalte. Tidlegare artiklar finnast under menypunktet "Nettutstillingar". | |
Utskriftsvennleg versjon
|
|
Ungdommens møbelstil og Bik Bok - kulturminnet veke 50 (siste artikkel) |
|
Ekornes tok ein sjanse og jakta på ungdommens møbelstil i samarbeid med kleskjeda Bik Bok. Vassenga var eit ”must” for mange frå slutten av syttitalet. Den skråstilte Bik Bok-hylla braut kraftig med møblane foreldregenerasjonen ville ha. Både senga og hylla er med på dette bildet som stammar frå utstillinga Sengens Historie ved Norsk Møbelfaglig Senter i 2002. Bik Bok-serien var mynta på ungdommane som i desse åra var i ferd med å vekse fram til å bli dei nye storkonsumentane. Fargane skulle vere ungdommeleg frekke og dus pastell. Ekornes gjekk tungt inn i ein produktserie med fikse kombinasjonar senger og sitjeplassar, hyllesystem og små runde glasbord i tidas motefargar. | |
| Les meir | |
Utskriftsvennleg versjon
|
|
Møbelfellesskap å stole på |
|
| Oppretta: 25.11.2009 | |
Boka Organiseringa av møbelindustrien i Norge, nå Norsk Industri - Møbel . er hundre år i 2009. Jubileet markeres med boka "Et fellesskap å stole på" av historikeren Eldar Høidal ved Norsk Møbelfaglig Senter. Jubileumsboka følger bransjeforeningen, men tar også for seg hovedlinjene i utviklingen av norsk møbelindustri; næringens geografiske utbredelse, de teknologiske forutsetningene for å produsere møbler og møblenes formmessige utvikling. http://www.norskindustri.no/moebelindustrien/norske-moebler-i-hundre-article3699-192.html | |
Prinsessebesøk og jubileumsbok på Møbelkonferansen 2009 |
||
Kronprinsesse Mette Marit er heidersgjest under Møbelkonferansen 2009 i Ålesund der bransjen feirar sine første hundre år onsdag og torsdag. Kronprinsessa skal stå for den offisielle opninga av konferansen. Onsdag skal ho blant anna lytte til eit foredrag av møbelhistorikar Eldar Høidal frå Norsk Møbelfaglig Senter som har skrive jubileumsboka "Et fellesskap å stole på". Deretter reiser kronprinsessa til møbelbygda Sykkylven på bedriftsbesøk ved møbelfabrikkane Ekornes og Hjelle. Årets møbelkonferanse blir to tettpakka dagar med fagleg input på konferansen som gjeld som den viktigaste møtestaden for møbelfolket. Tilstanden til norsk økonomi, møbelbransjens omdømme og merkevarebygging blir sentrale emne. Møbelhistorikar Eldar Høidal, som slepper jubileumsboka til bransjeforeininga under konferansen, skal også i elden igjen med ei oppsummering av hundre år med møbelindustri onsdag ettermiddag. Klikk her for meir informasjon | ||
Bygde verdas lengste sofa |
||
Verdas lengste sofa er 890,25 meter lang. Møbelindustrien på Sunnmøre meir enn tidobla gjeldande Guinness-rekord og bygde ein sofa som rakk over heile Sykkylvsfjorden. Record Manager Kuoro Ishakawa fra Guinness World Record Ltd hadde ingen vanskar med å godkjenne den nye sofarekorden etter rekordforsøket i Sykkylven søndag. Meir enn 300 frivillige frå eit tital møbelfabrikkar i Sykkylven hadde gått saman om forsøket på å byggje verdas lengste sofa. Då fjorårets rekord frå Sykkylven sist sommar vart slått i haust, var haldninga i møbelmiljøet i Sykkylven klar: Verdsrekorden høyrer til i Noregs møbelhovudstad. Denne gangen skal vi setje rekord ein gong for alle. Heimeside: www.longestsofa.no Sjå bilete og film frå rekordforsøket og folkefesten: http://picaseweb.google.com/arilds6230 og http://www.vimeo.com/5171402
| ||
| Les meir | ||
Utskriftsvennleg versjon
|
||

